Søstrene Lina og Petra er ueinige om det meste. Når far deira får ein alvorleg diagnose, kan det bety kaos – eller eit krasjkurs i konflikthandtering.
Lina gler seg til å feire 70-årsdagen til faren sin, Kenneth. Men alt er ikkje er som det skal med Kenneth.
Undersøkingane av Kenneth held fram. Når han flytter inn på bilverkstaden, prøver Lina å få han heim igjen. Faren til Linas barn har store nyheiter.
Lina og Rikards forhold blir sterkare, mens Petras ekteskap surnar. Molly og Melvin får vite at morfar er sjuk, men Molly vil ikkje godta situasjonen.
Kenneth, Lina og Petra har ulike syn på om Kenneth kan halde fram med å kjøre bil. Lina får nok av Rikards romantikk og Mickes mas om å selje huset.
Molly og Melvin blir tatt i fusk på skolen. Kenneth tøver stadig meir, og det er vanskeleg å vite kva han klarer. Petra flørtar med kollegaen Karim.
Molly og Melvin fyller 15, men dagen blir formørkt av at katten Lill-Matti er sjuk. Petra og Karim gjev etter for kjenslene i storkjøkkenet.
Lina har problem med bilen, men får inga hjelp av Matti. Politiet tar kontakt når Kenneth hamnar i krangel på byen.
Kenneth har vorte verre, og Petra og Lina har ulike meiningar om kor han skal bu. Og når Kenneth festar med vennene sine, må Lina rykke ut.







